Hopp til innhald

Personbil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfa Romeo 159.

Personbil er ein bil for transport av personar, med totalmasse under 3500 kg og opp til 8 passasjerplassar. For å føra personbil må ein ha førarkort klasse B.

Oppbygging

[endre | endre wikiteksten]

Moderne personbilar har sjølvbærande karosseri, ofte av sedan, kombi eller stasjonsvogn-typen og uavhengig hjuloppheng. SUV-ar vert òg nytta som personbilar. Dei fleste personbilar har frontmontert bensin eller dieselmotor. Nokre få er el- eller hybridbilar. Framhjulsdrift er mest utbreidd, men det finst òg personbilar med bakhjulsdrift eller firehjulsdrift. Manuell girkasse er mest utbreidd, men ulike former for automatkassar er òg vanlege.

Personbilar vert nytta både av privatpersonar og som firmabilar.