Hopp til innhald

Grønspett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Grønspett
Vaksen ho av grønspett.
Vaksen ho av grønspett.
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Grønspett
Utbreiinga av Grønspett
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Spettefuglar Piciformes
Familie: Spettefamilien Picidae
Slekt: Picus
Art: Grønspett P. viridis
Vitskapleg namn
Picus viridis

Grønspett (Picus viridis) er ein fugl i spettefamilien. Grønspetta er standfugl i heile utbreiingsområdet sitt, som omfattar det vestre og sørvestre Asia, samt det meste av Europa. Grønspetta høyrer til slekta Picus, spetter med grøngrå fjørdrakt.

Kjønna er jamstore. Både hoa og hannen kan, saman med den grøngrå drakta, kjennast på den raude issa og nakken.

Den dagaktive grønspetta held seg ofte på marka, i motsetnad til dei fleste andre spettar. Hovudføda er maur som ho fangar med den 10 cm lange tunga.

Utsjånad

Grønspetta er om lag 32 cm lang og vert opp til 52 cm mellom vengjespissane. Oversida er mørkt grøn, undersida bleikt grågrøn. Overgumpen er lysande grøngul, noko som visast godt i flukt. Begge kjønn har raud isse og nakke og svart mustasjestrek (hannen med raudt i midten), som går frå nebbet til bakom auga. Øyredekkfjør, hake og strupe er derimot kvitaktige. Vengane er vatra i brunsvart, gult eller brunkvitt. Stjertfjøra er grøngrå med svartaktige render. Skilnadane mellom kjønna er små. Hos hannen er kinnflekken raud med svart kant, hos hoa einsfarga svart. Grønspetta sine auge er blåaktig kvite, nebb og føter blygrå. Hann og ho er like store og veg like mykje. Ungfugldrakta skil seg frå dei vaksne si. Ho er mykje mattare. Sidene på hovudet, saman med halsen og undersida på kroppen, har nesten kvit grunntone med mørk vatring og mørke render. Dei raude partia på hovudet viser lite att og er oftast oppblanda med grå flekkar. Vengane og oversida på kroppen har også tydeleg kvit vatring. Ungfuglane får gradvis ei vaksen fjørdrakt, og allereie første haust er denne ferdig.

Grønspetta liknar den noko mindre gråspetta som til del er utbreidd i same områda. Til skilnad frå denne har grønspetta grovare nebb, og meir svarte parti i ansiktet. Gråspetta har grått hovud, mørkeraude auge og berre ein smal svart mustasjestrek. Gråspetta manglar også raudt på issen, og berre hannen har raudt i panna. Hoa manglar raudt på hovudet. Ofte gir biotopen svar på kva slags fugl ein treffer på. Gråspetta er ikkje utbreidd i det nordvestre Mellom-Europa og er sterkare knytt til fjell og skog enn grønspetta.

Læte

Grønspetta trommar sjeldnare enn mange andre spetteartar, og lyden er svak og uregelmessig. Den markande revirsongen er meir påfallande. Denne vert framført av begge kjønna, men mest intensivt av hannen. Songen læt som eit høgt skratt ("kly-kly-kly-kly-kly-kly-kly"). Denne lyden er sett saman av opp til 20 stavingar, held seg på ei tonehøgd og kjem raskare og litt svakare mot. Ei tostava slutt (kly-yck) er vanleg. Gråspetta har ein svært lik låt, men er reinare og ligg høgare i tonen. Denne fuglen sine strofer fell i tonehøgd og vert både svakare og meir langsam mot slutten. Når grønspetta landar ytrar ho ofte eit skarpt kjakk, iblant '"kjykk", som vert oppatteke til eit fleirstava "kjykk-kjykk-kjykk-kjykk" når fuglen vert uroa eller er aggressiv.

Utbreiing, biotop og taksonomi

Grønspetta finst i heile Europa, frå det sørlege Skandinavia og Storbritannia over størsteparten av det europeiske fastlandet og austover gjennom Litleasia til Kaukasus og vidare til Iran. I Finland er fuglen uvanleg. I Danmark held spetta til på Jylland og Fyn. I den boreale barskogsonen i nord, og i dei turre stroka i sør er grønspetta fåtalig. Grønspetta og flyttar seg berre korte strekningar gjennom vinteren. Fuglen likar best halvopne landskap med vidstrekte lauvskogar, framfor alt skogkantar. På grunn av spesialiseringa på marklevande maur er grønspetta sårbar for strenge vintrar med djup snø.

Til vanleg vert grønspetta delt inn i fire underartar:

  • Picus viridis viridis hekkar i Europa.
  • Picus viridis sharpei hekkar på den Iberiske halvøya og lengst sør i Frankrike. Underarten manglar den svarte teikninga rundt auga.
  • Picus viridis innominatus hekkar i sør og sørvest i Iran.
  • Picus viridis karelini hekkar frå Italia, gjennom Balkan, Bulgaria, Litleasia, Kaukasus og det nordlege Iran.

Utbreiing i Noreg

Fuglen er vanleg i delar av Austlandet, Sørlandet og Vestlandet, meir spreidd i Trøndelag og sjeldan på Helgeland. Tettast bestand finst i sørvende lier i fjordstroka. Arten er knytt til gammal lauv- og blandingsskog. Tilplanting med gran og gjengroing av husdyrbeite påverkar grønspetta negativt.

Hekking

Ei ho og ein ungfugl fotografert i Ille et Vilaine i Frankrike i august.
Picus viridis

Grønspetta vert kjønnsmoden i første leveåret. Allereie i januar gir hannane frå seg dei første lokkeropa. Dette tiltek i februar. I mindre grad enn andre spetter brukar grønspetta tromming for å hevde revir. I mai legg hoa 5-8 kvite egg i holrom i tre. Desse holroma er gjerne slike som andre spetteartar har hakka ut. Favorittreet er osp, men andre treslag vert også brukt. Om paret ikkje finn passande trehol hakkar dei sjølve ut eit hol i eit morke tre, passande høgd er to meter over marka. Egga vert ruga i 14-17 døgn. Ungane vert fora med maur og maurpupper som grønspetta samlar opp i kjertelmagen sin for å minske talet på foringsbesøk. Etter 23-27 døgn flyg ungane ut. Foreldra held fram med å mate dei nokre veker til.

Føde

Av spettene våre er grønspetta den som er mest spesialisert på marklevande maur. Fuglen tek mauren som samlar seg i store skarar for å angripe inntrengaren. Grønspetta har ei ti centimeter lang tunge som ho sender inn i maurgangane. Kort etter soloppgang søker spetta inn på enger og beitemarkar med lausare jord for å bore fleire centimeter lange hol med nebben. Blant dei mange maurartane som vert fanga er raud skogmaur. Om vinteren grev grønspetta tunnelar i snøen for å nå maurtuene. Vidare grev ho seg djupt ned i tuene for å ta maurane som ligg i vinterdvale. Desse tunnelane kan verte meir enn ein halv meter lange. Spesielt om vinteren oppsøker spetta klippeveggar, tak, husveggar og leidningsmaster. Her leitar ho etter leddyr som overvintrar i sprekker, framfor alt fluger, mygg og edderkoppar. Grønspetta hakkar i blant fram biller og billelarver under borken på tre. Markar inngår sjeldan i føda. Til tider et grønspetta bær, til dømes på rogn.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Grønspett